Fekk løna i pizza
Onsdag kveld sette styret i Sunnylven Fotball punktum for sesongen med å invitere gode hjelparar til pizza-kveld på Øcal`s.
Invitasjonen gjekk ut til mange og til stades var trenarar, oppmenn, billettørar, sponsorar, banenemnd og leiinga i Sunnylven IL. Også med heile fotballstyret på plass var totalt 24 personar samla.
Leiar i fotballgruppa Steinar Hjelle ønska vel møtt og takka alle for innsatsen gjennom sesongen. Han håpa alle var med også neste år.
Tidlegare hadde fotballgruppa delt ut t-skjorter, gensarar eller ei anna oppmerksomheit for hjelpa frå dei mange friviljuge i klubben.
I år vart det gratis pizza og brus. Det fall i smak i hos alle, for Ramazan Øcal diska opp med ni store pizza. Då var alle godt forsynt.