Fleire supertrimmarar i Sunnylven
Friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL har talt opp og halde premiefest for fjelltrimmen 2012. Laget har registrert fleire ”supertrimmarar”, poengsankarar med både tre- og firesifra poengsummar.
Fjelltrimmen i Sunnylven IL hadde god prosentvis auke frå året før og til saman over 10.000 besøk på dei 25 poengpostane vart registrert.
Største poengsankar i 2012 var Bjørn Hallgeir Rusten med 1746 poeng og med Odd Jostein Bjørdal, 1110 poeng og Marit Ljøen med 1022 på dei neste plassane.
Søndag var det premiefest på Sunnylven samfunnshus. 79 personar hadde levert trimskjema, 48 vaksne og 31 born. 19 vaksne og 8 born hadde vore innom alle postane, frå Shellkaia med sine 3. poeng til Nokkenibba som gjev 20. trimpoeng.
Etter loddtrekning vann desse premierte under avslutningsfesten:
Vaksne, alle postar:
Solveig Randi Førde, Arne Ringdal, Bjørn Hallgeir Rusten, Odd Jostein Bjørdal.
Born alle postar:
Ottar Frøysa Hellebostad, Hege Ringdal, Inger Ringdal Sæter, Jørgen Ringdal Sæter.
Vaksne, ti postar eller meir:
Ann Janne Hole, Mariann Frøysa, Marit Hellebostad
Born, ti postar eller meir:’
Emilie Brekke, Birgitte Hellebostad, Nikoline Frøysa Hellebostad,
Ekstrapremiar:
T-skjorta Supertrimmaren:
Born: Ingrid Julie Hole, Ottar Frøysa Hellebostad, Simen Frøysa Hellebostad.
Vaksne: Bjørn Hallgeir Rusten, Odd Jostein Bjørdal, Marit Ljøen.