Lokalnytt

Fullklaff for mørketreff

Ikkje premie denne gongen, men blide var dei likevel. Frå venstre Jakob Sæter, Ruben Støverstein, Mats Storstein Forbord.
Ikkje premie denne gongen, men blide var dei likevel. Frå venstre Jakob Sæter, Ruben Støverstein, Mats Storstein Forbord.

Sunnylven IL sitt trimtreff i mørke ved Nedstevatnet onsdag vart ein stor suksess. Til saman 66 store og små trimmarar tok del i opplegget til trimgruppa.


Skyer hindra månen i å kome fram, men med batterilykter av alle slag kom alle fram og tilbake utan problem. Det var reine julegata langs Nedstevatnet denne kvelden i slutten av november.

Alle som deltok vart registrert og med i trekning av åtte gevinstar, gjevne av Gjensidige og Sparebanken Møre.

Vinnarar vart:
Termokopp:
Andrine Støverstein,
Hanne Kvamme,
Inger Ann Nybø Vik,
Kari Hauso Stadheim.

Refleksvestar:
Amund Lien,
Jørgen Ringdal Sæter,

Sekk:
Sofie Støverstein,
Nina Øye Hole.

Leiar i trim/friidrettsgruppa i Sunnylven IL, Rune Hole var svært godt nøgd med frammøte. Rett nok var det fint ver, men at så mange tok turen var likevel mei enn forventa, tykte han.
Det blir nok nye trimturar i mørke om ikkje alt for lenge.

Alltid stor spaning når premiar skal trekkjast.
Alltid stor spaning når premiar skal trekkjast.
Ved Nedstevatnet kunne alle sikre seg nye tre trimpoeng.
Ved Nedstevatnet kunne alle sikre seg nye tre trimpoeng.
Litt kakao og ei peparkake styrkjer under lange trimturar.
Litt kakao og ei peparkake styrkjer under lange trimturar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380