Gamleskulen skal få nytt tak

Under Sommardagar på Hellesylt i 1998 var gamlesulen open for innsteg og mange kom.

Under Sommardagar på Hellesylt i 1998 var gamlesulen open for innsteg og mange kom.

Foreninga Gamleskulen aktivitetsmuseum har overteke det gamle skulebygget på Hellesylt frå Stranda kommune. Huset skal bli eit levande skulemuseum og nyttast til spesielle samlingar. Bygget treng vedlikehald og foreninga ber no bygdefolk og andre om økonomisk støtte for å ta vare på den gamle skulestova frå 1898.


Gamleskulen på Hellesylt treng vedlikehald, spesielt hastar det å utbetre taket der det er ein del råteskade og takheller som har ramla av.
Arbeidet med heile taket er berekna til å koste 350.000,- kroner utanom dugnadsarbeid, skriv den nyskipa foreninga i informasjonsskriv der dei håper på støtte til arbeidet både frå bygdefolk og andre.
Arbeidet er i gong og dei håper å utbetre den eine sida av taket før vinteren set inn for fullt.

Nytta til undervisning
I 1994 vart det skipa ei venneforening som samla mykje utstyr frå dei andre grendaskulane i Sunnylven og innreia skulen i sentrum til å bli eit flott skulemuseum, ei skulestove slik ho var i ”gamle dagar”.
Slik gamleskulen på Hellesylt står i dag er den ikkje berre sentrum sin skule, men ein representant for alle grendeskulane som var i Sunnylven.

Ved fleire høve har Sunnylven skule nytta Gamleskulen i undervisninga. Elevane synest det er kjekt å kome inn i den gamle skulstova, både for å høyre om og leve seg inn i ein skuledag slik den var i eldre tider. Dette tilbodet håper foreninga at elevane ved Sunnylven skule skal få også i framtida.

Ønskjer fleire medlemer
Styret i foreninga Gamleskulen Aktivitetsmuseum består av Kari Hauso Stadheim, Marit Ljøen, Solfrid Onsøien Lien, Liv Jorunn Sporstøl og Odd Jostein Bjørdal.
Foreninga har få medlemer til no, men håper på fleire etter kvart. Årskontingenten er berre 100.- kroner.
-Slik stoda er i dag treng skulen omfattande vedlikehald. Vi håper at mange vil sjå på dette arbeidet som så viktig at dei i tillegg til medlemskap kan tenkje seg å gi gåvemiddlar-, skriv styre i Gamleskulen aktivitetsmuseum.

Gamleskulen på Hellesylt

Gamleskulen på Hellesylt

Gamle pultar og kateter er på plass.

Gamle pultar og kateter er på plass.

Eit lite, men brukbart orgel

Eit lite, men brukbart orgel

Blekkhusa er fylt opp og klar til bruk

Blekkhusa er fylt opp og klar til bruk

Meir gamalt skuleutstyr, mellom anna kuleramma

Meir gamalt skuleutstyr, mellom anna kuleramma

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380