God stemning på fotballfest

Prisvinnarar på damelaget, frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge toppskårar, Lena Gjerde årets spelar og Tina Jøsok treningspris, saman med trenar Hans Hole.

Prisvinnarar på damelaget, frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge toppskårar, Lena Gjerde årets spelar og Tina Jøsok treningspris, saman med trenar Hans Hole.

Det var stor stemning og godord frå mange då Sunnylven IL Fotball heldt den årlege fotballfesten for seniorlaga sist laurdag. Samarbeidslaget i kvinner, Sunnylven/Stranda var eitt fattig poeng bak Herd og KM i 3. divisjon, ein tittel herrelaget i 6. divisjon greidde etter samanlagtsiger over Ravn.


Leiar i fotballgruppa, Steinar Hjelle ønska vel møtt til festen på Peer Gynt Galleriet som samla over 60 personar.
Hjelle tykte det hadde vore ein god sesong for damelaget og herrelaget. Det var all grunn til å takka trenarar og oppmenn for å ha gjort ein god jobb, sa han og gav også ros til spelarane på dei to laga. Fleire har i tillegg til å spele fotball teke andre oppgåver i klubben, både som trenarar, domarar og med styreverv.
Fotballeiaren starta si utdeling av heidersbevis med å overrekke blomar til Trine Tryggestad Forbord, Synnøve Hjellbakk Hole og Ruth Hole Aaland. Bak all suksess står ofte ei kvinne, minte han forsamlinga på.

Sluttar med fotball
Gjennom mange sesongar har Vidar Even Leite vore fast spelar på Sunnylven. For to år sidan la han fotballskorne på hylla, men i vår leita han dei fram igjen. I 2010 enda siste kamp med tap 1-5 og nedrykk, i år var han med på opprykk og KM-tittel. I tillegg runda han 500 kampar for klubben, og dermed vart det trøye og pokal som han fekk seg overrakt på fotballfesten.
Men no var det slutt, fotballskoa skulle gøymast vekk, sa han.

Publikumsprisen gjekk til Bård Forbord, ei utmerking den evigunge midtbanestrategen sette stor pris på.
-Eg har ei stor peishylle, der skal trofeet stå, sa Bård Forbord.
Til slutt delte Hjelle ut jakkemerker til dei 22 på herrelaget som vart krinsmeistrar i 6. divisjon. Under kretstinget 8. desember får klubben i tillegg diplom og pokal.

Nær KM-tittel
Trenar for samarbeidslaget Sunnylven/Stranda, Hans Hole kunne også summere opp frå ein flott sesong. Han ergra seg litt over dei to kampane mot Herd som enda med tap og der KM-tittelen glapp. Å ende på sølvplass eitt poeng bak vinnaren var likevel ein prestasjon alle burde vere stolte av, meinte han.
Samarbeidet gjennom sesongen hadde gått knirkefritt, det var flott å treffe spelarar frå Stranda, ein fin gjeng.
Damelaget Sunnylven/Stranda spela dei fleste heimekampar på Stranda stadion.
Han trudde at eit fellesskap mellom dei to klubbane kunne vere smart for framtida. Lena Gjerde vart årets spelar, toppskårarprisen gjekk til Kirsti Frøysadal Hauge som skåra 41 mål, og treningsprisen fekk Tina Jøsok.

Gode nok for høgare divisjon
Jens Arve Forbord var trenar for Sunnylven sitt herrelag. Han såg tilbake på jubelsesongen som han tykte var veldig bra.
Treningskampane gjekk bra, det same gjorde første seriekamp. Så vart det to tap, men deretter tapte ikkje Sunnylven. Det vart uavgjort eller sigrar.
-Laget er godt nok for eit nytt opprykk neste sesong, men treng to, tre spelarar i tilgang-, meinte Jens Arve Forbord.

Årets spelar på herrelaget vart Henning Frøysa, toppskårarprisen med 28 mål gjekk til Alf Ole Sundgot, og treningsprisen til Eivind Louis Helset.

Frå spelarane både på damelaget og herrelaget vart det overrekt gåve til trenaren, og med ønskje om at dei måtte halde fram også komande sesong.
Også hjelpetrenar og oppmann Gisle Aaland fekk blomar for sin innsats.

Fleire av prisane som vart delt ut under fotballfesten var laga av kunstdreiar Martin Janssen frå Hellesylt.

Det var stor stemning under fotballfesten, ikkje minst når Ole Arnstein Ringdal vist bilete med eigne kommentar til frå 80- og 90-talet, dei første åra med seriefotball i Sunnylven.

Årets spelar på KM-laget, Henning Frøysa til venstre og vinnar av publikumsprisen Bård Forbord med trenaren Jens Arve Forbord mellom seg.

Årets spelar på KM-laget, Henning Frøysa til venstre og vinnar av publikumsprisen Bård Forbord med trenaren Jens Arve Forbord mellom seg.

Eivind Louis Helset til høgre vann treningsprisen og Alf Ole Sundgot toppskårarprisen. Til venstre Bård Forbord.

Eivind Louis Helset til høgre vann treningsprisen og Alf Ole Sundgot toppskårarprisen. Til venstre Bård Forbord.

Fotballeiar Steinar Hjelle overrakte 500-drakta til Vidar Even Leite, eit mål som berre to spelarar i klubben har greidd tidlegare.

Fotballeiar Steinar Hjelle overrakte 500-drakta til Vidar Even Leite, eit mål som berre to spelarar i klubben har greidd tidlegare.

Dyktige trenarar som fekk gåver frå spelarane, frå venstre Jens Arve Forbord, Gisle Aaland (også oppmann), Hans Hole.

Dyktige trenarar som fekk gåver frå spelarane, frå venstre Jens Arve Forbord, Gisle Aaland (også oppmann), Hans Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380