Hjørnesteinsbedrift heidra tilsette

Oddhild Gjørvad Åsen og Sindre Hole med fanget fullt av heidergåver, flankert av Kristi og Kristen Ringdal.

Oddhild Gjørvad Åsen og Sindre Hole med fanget fullt av heidergåver, flankert av Kristi og Kristen Ringdal.

Under Ole Ringdal AS sin julemiddag for tilsette vart Oddhild Gjørvad Åsen og Sindre Hole overrakt bedrifta sitt gullur og Det Kongelege Selskap for Norges Vel`s medalje.


Oddhild Gjørvad Åsen og Sindre Hole har begge jobba ved Ole Ringdal AS i 30 år.
Under julesamlinga på Peer Gynt Galleriet med nær 100 gjestar til stades, vart dei to heidra med hjørnesteinsbedrifta sitt gullur og i tillegg Norges Vel`s medalje. Dei er 15. og 16. tilsette som får slik utmerking. Den første var Knut Hellebostad i 1979.

Det var administrerande direktør Kristen Ringdal som stod for overrekkinga. Han hadde mange godord om dei to, dei hadde gjort ein framifrå god jobb, slo han fast.

– Sindre Hole tok til ved Ole Ringdal AS i ung alder og jobbar no i produksjonen med nedskjering. Han har alltid vore målbevisst i arbeidet, nesten som om bedrifta var hans eiga. Ein dyktig fagarbeidar som har valt rett yrke-, sa direktør Kristen Ringdal.

– Oddhild Gjørvad Åsen var tilsett i pakkeriet dei fyrste åra, men flytta inn på kontoret då jobben som kundeansvarleg vart ledig. Her har ho gjort ein kjempejobb i mange år, sa direktør Kristen Ringdal før han delte ut heidersbevisa og blomar til dei to med hjelp av kona Kristi.

Stolt av bedrifta
Både Sindre Hole og Oddhild Gjørvad Åsen var svært glade for den store heider dei vart tildelt.
Takketale vart det ikkje, men i ein kommentar etterpå var Oddhild Gjørvad Åsen klar på at ho var stolt av bedrifta ho jobba i.
-Det er ei veldig god bedrift, eg har kunna sett fram til ein god og trygg kvardag i alle år. Som kundeansvarleg har eg kontakt med mange kjekke folk og får høyre mange gode historier. Det kan bli trivelege jobbdagar sjølv om det også er mykje å gjere, slik som no før jul. Men det er vel eit godt teikn, det er av sal vi skal ”leve” og godt sal fortel meir enn reklame kva vi produserer.
Kristen har vore ein god sjef, han har stått på seint og tidleg og alltid hyggeleg å samarbeide med. Alle ære til han for det han har fått til. Å få gullur og medalje er motivasjon til å stå på vidare -, avsluttar Oddhild Gjørvad Åsen.

Jubileumsår
I 2013 er Hellesylt sin største arbeidsplass, Ole Ringdal AS 75 år. Under julemiddagen på Peer Gynt Galleriet takka administrerande direktør Kristen Ringdal sine tilsette for innsatsen for bedrifta, og ba dei om å setje av helga 24. til 26. mai neste år. Då blir alle invitert på jubileumstur, men kvar er inn til vidare ei godt bevart hemmelegheit, sa han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380