Lokalnytt

Ikkje romjulsspel med HUL

HUL-teatret i april 2012.
HUL-teatret i april 2012.

Hellesylt Ungdomslag lukkast ikkje med å fylle opp rollelista for eit nytt romjulsspel i år. Ein mangeårig tradisjon blir dermed broten til stor skuffelse for mange.

Det meste var godt planlagt, ”Over til rødt” heitte skodespelet, komedia til den årlege framsyninga fjerde juledag på Sunnylven samfunnshus, fortel leiar i Hellesylt Ungdomslag, Marianne Fivelstad. Det stod berre igjen å finne aktørar til å fylle opp rollene, tre damer og fem mannfolk.

-Det lukkast nesten, men dei to hovudrollene i spelet kom ikkje på plass. Fleire av dei andre var heller ikkje så ”gira” på å starte på lesing og innøving av replikkar igjen. Dei fleste var med på romjulsspelet i fjor som hadde si siste framsyning i april-, fortel Marianne Fivelstad.
-Vi kjem sterkt tilbake i mars med grendakveld og med ”Bygdarane” som programansvarlege-, seier ho.

Peer Gynt Galleriet tek over

Dermed blir det ikkje skodespel og dans fjerde juledag i år, Hellesylt Ungdomslag sitt arrangement teke eit kvileår, seier leiaren.
I staden opnar Peer Gynt Galleriet dørene for juletreff denne dagen. Programmet her er ikkje kjent enno, men det blir heilt sikkert ein triveleg treffstad på Hellesylt fjerde juledag, kanskje med både dans og underhaldning.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380