Lokalnytt

Julebord i Bygdekvinnelaget

Johanne til venstre og Inger Ringdal Sæter underheldt med vakker song.
Johanne til venstre og Inger Ringdal Sæter underheldt med vakker song.

Nyleg inviterte Sunnylven Bygdekvinnelag til julebord for sine medlemer. Ein tradisjon i laget der medlemane i Bygda og Dalen er vertskap annakvart år.

Alle foto: Randi Sæter.

I år var det ”dalearane” som var arrangør og skipa til ”julefest” på Tronstad grendahus. Med medlemer og inviterte gjester talde festlyden rundt 60 i alle aldrar.
På langbordet i storstova i Tronstad-grenda kom det beste av julemat, her mangla ingen ting, heller ikkje eit stort dessertbord.

Fleire programinnslag kom ut over kvelden, song av Inger og Johanne Ringdal Sæter, det var musikk av Kristine Hjellbakk Hole, Andrea Kjellstad og Jakob Sæter på fele, leia av Synnøve Hjellbakk Hole, og kåseri av Ann Kristin Langeland, rådmann i Stranda.

Angelika Fivelstad takka for serveringa av eit velsmakande måltid, og leiar i Bygdekvinnelaget, Anne Grete Hjelmeland Hole orienterte kort om aktuelle saker i laget.
Festen som vart leia av Gunnhild Kvam vart avslutta med songen ”Deilig er jorden”.

Unge aktørar spela fele under leiing av Synnøve Hjellbakk Hole.
Unge aktørar spela fele under leiing av Synnøve Hjellbakk Hole.
-
Ann Kristin Langeland var kåsør under Sunnylven Bygdekvinnelag sitt julebord.
Ann Kristin Langeland var kåsør under Sunnylven Bygdekvinnelag sitt julebord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380