Julegilde i Sunnylven Pensjonistlag.
Onsdag inviterte Sunnylven Pensjonistlag til medlemsmøte med servering av juletallerken på Sunnylven kyrkjelydshus. Gode programinnslag stod ”gramlepresten” og kona hans for.
Frå eit innbydande bord med julemat kunne 49 av Sunnylven Pensjonistlag sine nær 70 medlemer forsyne seg opp til fleire gonger. Her var det pinnekjøt, ribbe, julepølse, poteter, rødkål og kålrotstappe, det aller meste frå lokal produksjon.
Og det var ikkje alt, for til slutt vart det kaffi og dessert. Eit velsmakande måltid som fall i smak hos dei framøtte.
Møtet med ”gamlepresten” Svein Runde og kona Elisabeth vart også sett stor pris på. Og dei to gav uttrykk for at dei gleda seg over å kome til Hellesylt igjen.
-Vi bur godt på Ørskog, men lengtar inn igjen av og til, det må vi innrømme. Her har vi lagt igjen mykje av våre liv-, sa Svein Runde som var sokneprest i Sunnylven og Geiranger i over 25 år.
Under pensjonistfesten bidrog begge med gode programinnslag, Elisabeth spela piano og song, fyrst ”Gjev meg handa di ven” og deretter ”Som når et barn kommer hjem”.
Prost Svein Runde hadde med lysbilder der festlyden fekk sjå den nye bustaden til dei to på Ørskog, og han bar fram teologiske tankar no før adventstida.
-Vårt land er bygd på den kristne kulturarv, verdiar det er viktig å halde fast på. Å gå til kyrkje når klokka kallar er med på å halde dette fundamentet i samfunnet vårt vedlike-, sa han mellom anna.
Runde orienterte også om kvar saka stod for å få tilsett prest i Sunnylven og Geiranger. Han håpa og trudde at det skulle kome ei avklaring i løpet av neste år, ei tilsetjing i delt stilling som prest, og som trusopplærar i Stranda og Norddal kommunar.
Festleiar under julesamlinga til Sunnylven Pensjonistlag var Knut J. Tryggestad.