
I Sunnylven samfunnshus på Hellesylt blir det julemesse fyrstkomande laurdag. Det er Hellesylt Næringslag, Sunnylven skulekorps og Sunnylven Bygdekvinnelag som står bak arrangementet.
Heile 13. stand blir å finne i messehallen på Hellesylt laurdag 1. desember. Salsmessa er opa frå kl. 11.00 til kl. 16.00 og har eit variert utval varer.
Her kan det gjerast god handel på julekaker, heimebaka lefser, Strandabakelse, lakseprodukt, kjøtvarer, husflid, blomar og mykje meir. Eit vareutval både til julegåver og eigen nytelse.
Pepperkakehus
Under messa blir det sal av kaffi, kaker og julegraut, og det blir utstilling av årets pepperkakehus.
Julegata på Hellesylt er pynta og blir tent på laurdag 1. desember. Denne dagen har også alle butikkar ekstra ope.
Desse har stand under julemessa på Sunnylven samfunnshus:
Gardskjøkkenet, Lakseprodukt
10. klasse ved Sunnylven skule, Kaker / opptenningsbrikker
Rigmor Røyr, Lefser, flatbrød og Strandabakelse
Bente Bonsaksen, Skinn
Stranda blomster, Blomster
Hole Kjøtt, Matvarer
Reidun K. Wågen, Tupperware
Lions Club Hellesylt, Julenek
Anne M. Stokke, Broderi
8. klasse ved Sunnylven skule, Julekort / kaker
Magne Brekke, Brukt skiutstyr
Astrid Langeland, Eldar Parr
Per Ingebrigt Karbø, Kålrot / poteter
