Lokalnytt

Juletre lyser opp Hellesylt

Den kommunale julegrana på Hellesylt er på plass og blir tent søndag 2. desember kl. 15.15.
Den kommunale julegrana på Hellesylt er på plass og blir tent søndag 2. desember kl. 15.15.

Første søndag i advent blir julegrana på Ole Ringdal´s plass i Hellesylt sentrum tent og skape herleg julestemning saman med fleire andre lysande grantre.


I mange år har det blitt snakka om kor flott det ville ha vore med julebelysning på Svarthammaren, utkikkspunktet oppfor Hellesylt sentrum. Det har blitt med praten, heilt til i år.

Rykta om at det ville kome belysning på Svarthammaren har gått for fullt og viser seg å vere sanne. Mange trudde det var nissen som nyleg stod for prøvebelysning, og dei som fekk det med seg vart storleg begistra. Den uventa ”julegleda” heldt på å ende med krasj i autovernet for fleire bilar på Svarteberga, har vi fått oss fortalt.

Spleiselag
Det er spreke pensjonistar som har ordna julebelysninga på Svarthammaren. I kaffikroken på Coop Marked har alt blitt planlagt i detalj. Ole Ringdal AS og HT Bygg Hellesylt AS blei med på spleiselaget for å få kjøpt inn nødvendig utstyr, som over 200 meter med straumkabel og juletrelys.
Svarthammaren i utmarka oppfor Hellesylt sentrum er eit fantastisk utkikkspunkt. I jula blir det ein stad mange vil sjå opp til.

Tombola og lysmesse
Søndag 2. desember blir det tombola på Hellesylt der leiinga i Sunnylven skulekorps fristar med fleire hundre flotte gevinstar under arrangementet i Sunnylven samfunnshus.
Her blir det også sal av kaffi, kaker, pølser og brød og det blir utstilling av pepperkakehus med premiering.
Julegrana på Hellesylt blir tent kl. 15.15, og Sunnylven skulekorps spelar.
Til slutt på første søndag i advent blir det lysmesse i Sunnylven kyrkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380