Knapt med stamlaks i Korsbrekkeelva

Arne Korsbrekke til venstre og Glenn Wernersen med ein flott ho-fisk med 5-6000 rognegg.

Arne Korsbrekke til venstre og Glenn Wernersen med ein flott ho-fisk med 5-6000 rognegg.

Det blir ferre laksebarn frå klekkeriet i Husøyna i Sunnylven til våren. Elveeigarane lukkast ikkje å få tak i så mange ho-laksar som ønskjeleg.


Arne Korsbrekke har lang røynsle frå kultiveringsarbeidet ved klekkeriet i Husøyna. Sjeldan har dei jobba så mykje for å få så lite stamlaks som denne hausten. Likevel vil han ikkje kalle det krise om det blir nokre tusen ferre laksebarn enn vanleg til våren.

For lite ho-fisk
Det vart observert mykje laks i elva då fisket slutta 31. august. Vel ein månad seinare då stamlaksen skulle fangast var anntalet sterkt redusert.
Fire, fem gonger brukte elveeigarar og ivrige laksefiskarar kastenota i Steimshølen og i Arnehølen ved Stadheim kraftverk. Resultatet vart eit ti-talls ho-fiskar og ein del hann-laks. At det var mindre stamlaks å få, kan bety at det også blir mindre av naturleg gyting i elva, seier Korsbrekke.
Mistanken til fiskemangelen går mot oteren som folk har sett ved Korsbrekkeelva. Det er funne slakteplassar og halvtetne laksar langs elva også i haust.

Arveegenskapar
Glenn Wernersen fortel at det i år er teke prøve av stamlaksen for å stadfeste fruktbarheita. I tillegg har alle fått eit merka i ryggfinnen med nummer for å sjå om nokon kjem tilbake eit anna år og blir fiska opp.
Etter stryking blir laksane slepte i elva igjen. Alle nummer blir slått opp i gapahukane langs Korsbrekkeelva, seier Wernersen.

Det er inga krise at det blir avla fram mindre yngel eit år. I eit normalår er talet 100.000 yngel, no blir det kring 60.000, tippar Arne Korsbrekke, mannen som gjennom meir enn ein mannsalder har avla fram millionar av laksebarn ved klekkeriet i Husøyna.

Glenn Wernersen med ein hann-laks i håven.

Glenn Wernersen med ein hann-laks i håven.

Arne Korsbrekke tilfører mjølke frå hann-laksen til rognegga. Til våren er det blitt til fleire tusen laksebarn.

Arne Korsbrekke tilfører mjølke frå hann-laksen til rognegga. Til våren er det blitt til fleire tusen laksebarn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380