Lokal tradisjon i grunnskuleveka

Småskulen baud på program med forteljingar og song frå scena i gymmsalen.

Småskulen baud på program med forteljingar og song frå scena i gymmsalen.

Sunnylven skule avslutta grunnskuleveka med program og utstilling av elevarbeid tysdag. Hovedtema skulen hadde arbeidd ut frå var ”Arbeid på garden, mat og mattradisjonar”.


Sunnylven skule var open for alle etter skuleslutt tysdag. Over alt vart elevane sine arbeid presentert gjennom utstilling og lysbileter.
Temaet for grunnskuleveka, ”Arbeid på garden, mat og mattradisjonar” er vidtfemnande.
Mykje kreativ tankeverksemd hadde tydeleg vis vore i sving den siste veka.

Eit av måla med grunnskuleveka er å lære seg å lære. Det hadde skulen lukkast med, for utstillingane med plakatar og veggaviser gav svara på bilete og ting, svar som elevane hadde leita seg fram til frå læremiddel eller fått seg fortalt frå eldre personar.

– Grunnskuleveka ved Sunnylven skule har lang tradisjon og blir styrt av lokale idear. Vi var litt usikre på om vi skulle lage ei veke i år, men hos alle lærarane var det stemning for å halde på tradisjonen, så dermed vart det ei ny læringsveke om lokale tradisjonar-, sa rektor Roar Seljeset då han ønska vel møtt til ein nær fullsett storsal ved skulen. Foreldre, sysken og andre slektingar var på plass for å sjå og høyre om resultatet av elevane sine arbeid. Seljeset takka alle som hadde hjelp til, lånt ut gjenstandar og svara på spørsmål.

Under programmet frå scena i gymmsalen sytte småskulen for forteljingar og friske songinnslag, elevar frå mellomsteget utfordra publikum på kjennskap til fleire gamle bruksgjenstandar, og frå ungdomsskulen fortalde dei litt om det dei hadde jobba med.
Så var det høve for alle å sjå på utstilingar.

I småskulen hadde dei lært om mat og mattradisjonar, her var store plakatar med bilete og forklaringar om ”Frå åker til fat” og ”Frå korn til brød”.
På musikkrommet var det utstilling av mange gamle ting og hushaldsreiskap for mjølk, fisk, skinn og ull, poteter, bær, grønnsaker og korn.
Hos ungdomsskulen i andre høgda var opplysande lysbildeseriar om fleire ting, jakt og fangst, hustyper og hustradisjonar og ølbrygging.

Det vart sein ettermiddag før dei siste gjekk frå Sunnylven skule tysdag.

Malin T. Fivelstad til venstere, Birgitte Hellebostad og Kasper Ringdal med gamle ting som dei hadde funne bruksområde til.

Malin T. Fivelstad til venstere, Birgitte Hellebostad og Kasper Ringdal med gamle ting som dei hadde funne bruksområde til.

Madelen Seline Frøysadal Hauge til venstre og Andrea Kjellstad ved ei felle for småvilt med trespilar.

Madelen Seline Frøysadal Hauge til venstre og Andrea Kjellstad ved ei felle for småvilt med trespilar.

Ole Iver Kjellstad ved ei utstilling om jakt og fangst med ei gamal børse og ei revefelle.

Ole Iver Kjellstad ved ei utstilling om jakt og fangst med ei gamal børse og ei revefelle.

Frå utstillinga av gjenstandar i tilbereding av mjølk og fisk.

Frå utstillinga av gjenstandar i tilbereding av mjølk og fisk.

Gamle bruksting for bær, grønnsaker og korn.

Gamle bruksting for bær, grønnsaker og korn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380