Med hjelp til Bawatele

Nataniel Berbecki og Kristine Tronstad passa på kokinga av grønnsaksuppa saman med styrar Hilde Langlo Brekke.

Nataniel Berbecki og Kristine Tronstad passa på kokinga av grønnsaksuppa saman med styrar Hilde Langlo Brekke.

Sunnylven Barnehage har lært om folket i landsbyen Bawatele i det vesle landet Malavi i Afrika. Årets barneaksjon handlar om borna på denne staden og barnehagen bestemte seg for å hjelpe.


Dei siste tre vekene hadde Sunnylven Barnehage lært om landsbyen Bawatele i Malavi og folket som bur der.

-Vi har hatt det som tema inn i mellom dei andre aktivitetane våre-, fortalde styrar i Sunnylven Barnehage Hilde Langlo Brekke.
-Samlingsstundene har gått fort med forteljingar og songar. Vi har sett på filmar om ei lita jente som heitte Lines og bestemor hennar, kva dei gjer om dagane og korleis dei laga mat. Mellom anna grilla dei maiskolbar på bålet og dei rista popcorn i ei panne.
Det same har vi gjort i barnehagen i bålpanna vår ute og vi har ete same sort mat som Lines og bestemora i Afrika- fortalde Hilde Langlo Brekke.

Sunnylven Barnehage ønska å hjelpe landsbybarna i Bawatele der det bur 21 familiar.
Tysdag inviterte barnehagen til sal av grønnsaksuppe og grove rundstykker og handelen gjekk unna. Suppa hadde borna og dei vaksne laga i fellesskap av poteter, kålrot, gulrot og pølsebitar, kokt over bålpanna ute saman med nokre svineknokar og salet gjekk unna.

Dei fekk inn heile 1631,- kroner som dei sender til hjelpeorganisasjonen Forut.
Eit strålande resultat, tykte Mariann Sundgot Frøysa som er tilsett i Sunnylven Barnehage.
-Vi er kjempefornøgde og takkar alle som kom og støtta tiltaket. At foreldre og andre kjem til barnehagen og sluttar opp om arrangementa er viktig, og det gjev oss som jobbar her ekstra motivasjon-, seier Mariann Sundgot Frøysa.

Over nyttår blir det nye samlingsstunder i Sunnylven Barnehage med songar og forteljingar frå Bawatele i Malavi, Afrika, fekk vi oss fortalt.

Både teikningar og andre ting fortalde om Afrika, dit hjelpa skulle gå.

Både teikningar og andre ting fortalde om Afrika, dit hjelpa skulle gå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380