Lokalnytt

Støttegruppe skipa.

Støttegruppa for Sunnylven bibliotek er skipa. Leiar i styret er Odd Jostein Bjørdal til høgre på bildet. (Arkivfoto)
Støttegruppa for Sunnylven bibliotek er skipa. Leiar i styret er Odd Jostein Bjørdal til høgre på bildet. (Arkivfoto)

Støttegruppa for Sunnylven bibliotek vart skipa tysdag. Foreninga har eit styre med leiar og to styremedlemer, og med to varamedlemer.


På skipingsmøtet vart det lagt fram forslag til vedtekter for foreninga. Desse var utarbeidde og stetta krava frå Brønnøysundregisteret for organisasjonsnummer. Vedtektene vart samrøystes vedtekne.
Også val av styre gjekk greitt. Odd Jostein Bjørdal vart vald til leiar med Mariann Sundgot Frøysa og Kari Hauso Stadheim som styremedlemer.
Varamedlemer til styret vart Oli-Anne Sjåstad og Anette Frøysa.
Foreninga håper no på mange medlemer og god oppslutning om Sunnylven bibliotek. Medlemskap i foreninga er gratis i 2013.

Opningstider og enkle arrangement.
Sunnylven bibliotek held til i leigde lokale i Sunnylven kyrkjelydshus. Opningstider er kvar torsdag frå kl. 09.00 til kl. 11.00 og kvar tysdag frå kl. 16.30 til kl. 18.30. Biblioteket har kring 20.000 bøker og styrar er Marit Ljøen.
På tre tysdagar i desember, 4/12, 11/12 og 18/12 blir det sal av kaffi, saft og kaker i opningstida.

Økonomi ei utfordring.
Sunnylven bibliotek har hatt jamt godt besøk og utlån av bøker sidan opninga 2. oktober.
Behovet for eit bibliotek i Sunnylven synest å vere til stades, men utfordringa er å få det til å gå i hop økonomisk.
Det vart opplyst at dei årlege utgiftene vil bli fram mot 22.000,- kroner med husleige, straum, datautgifter, nye bøker og diverse.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380