Sunnylven Sau og Geit avlyser

Sunnylven Sau og Geit avlyser jubileumsfesten på Tronstad grendahus fredag. For lita påmelding er årsaka.

Det var lagt opp til triveleg 60-års markering for Sunnylven Sau og Geit. Både noverande og tidlegare medlemer og leiarar var invitert til å delta på jubileumsfesten med attersyn og andre lystige programinnslag, og servering av festmiddag.

No har styret avlyst det heile, det blir ingen festkveld med servering av fårikål då berre kring 15 hadde meldt seg på før fristen gjekk ut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380