Sunnylven Sau og Geit jubilerer

Sunnylven Sau og Geit jubilerer

Sunnylven Sau og Geit jubilerer

Sunnylven Sau og Geit feirar 60-års jubileum fredag 9. november på Tronstad grendahus. Der blir det servert festmiddag, gode historier og attersyn.

Styret inviterer alle noverande og tidlegare medlemer og leiarar i laget, og elles andre til jubileumsfesten.
Sunnylven Sau og Geit var smått i gong på 30-og 40-talet, men 1952 er rekna som er det offisielle skipingsåret. I jubileumsåret har laget mellom 30 og 40 medlemer med Astrid Tronstad Dyrkorn som leiar.

Grunna servering av festmiddag må alle som ønskjer å vere med på jubileumsfesten melde seg på til:
Astrid Tronstad Dyrkorn, tlf. 70 26 40 16, eller
Svenn Roger Alme, tlf. 909 79 322, innan måndag 5. november.
Pris per person er kr. 100.-

Jubileumsmiddagen i Sunnylven Sau og Geit er sjølvsagt fårikål.
I tillegg til ulike underhaldningsinnslag, blir det attersyn frå lagssoga og gode historier ved John Lageland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380