Trimtreff i mørke

Kveldsturen onsdag 28. november går til Nedstevassætra.

Kveldsturen onsdag 28. november går til Nedstevassætra.

Onsdag 28. november blir det trimtreff i mørke. Turen går frå Vollset til Nedstevassætra, meldet trimgruppa i Sunnylven IL.


Sunnylven IL arrangerte trimtreff i mørke også i fjor, både til Nedstevassætra og Kjellstaddalen med god deltaking.

Onsdag er det start frå parkeringsplassen framom Vollset kl. 18.00.
Mellom deltakarane blir det trekt ut fleire premievinnarar.

Ta med haudelykt eller lommelykt, råder arrangøren.
Kanskje slepp ein bruke ekstra lys denne kvelden då det er meldt godt ver og onsdag 28. november er det fullmåne kl. 15.46. ut frå almanakke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380