Lokalnytt

Triveleg førjulshelg på Hellesylt

-

På Hellesylt blir det julemesse, tombola, tenning av julegrana og lysmesse i Sunnylven kyrkje første helg i advent.

Sunnylven skulekorps, Hellesylt Næringslag og Sunnylven Bygdekvinnelag er arrangørar.
Laurdag 1. desember blir det julemesse for femte gong. Salsmessa på Sunnylven samfunnshus har blitt eit trekkplaster der det blir handla på mykje, frå julebakst og fiskemat til husflidsprodukt og fritidsklede.

Påmelding
Alt no har utstillarar meldt seg på, men arrangøren har plass til fleire.
Dei som ønsker å stille ut for sal på messa kan melde seg på til;
Heidi Hauge tlf. 901 77 057.

Søndag 2. desember held Sunnylven skulekorps tombola med mange hundre små og store juleprega gevinstar.
Den dagen blir også julegrana på Hellesylt tend til juletonar av korpset.
Som siste post på ei innhaldsrik vinterhelg på Hellesylt blir det lysmesse i Sunnylven kyrkje.

hellesylt.no kjem med meir når programmet for dei to dagane er endeleg klart.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380