LokalnyttLokalsport

Unge fotballtalent fekk sine statuettar

 

 

Sunnylven IL Fotball heldt premiefest med bingo og utdeling av pølse og forfriskningar for spelarane i yngres avdeling søndag. Ramus Matvik`s minnepokal gjekk i år til Ottar Frøysa Hellebostad.

Under premiefesten på Sunnylven samfunnshus søndag fekk over 70 spelarar på sju lag sine fotballpremiar og diplom etter ein lang og flott sesong. Premiane vart delt ut av trenarar og oppmenn.

Ottar vann pokalen
Ottar Frøysa Hellebostad vann Rasmus Matvik`s minnepokal i 2012. I år vart den delt ut for ellevte gong etter loddtrekning mellom spelarar som trenarane hadde nominert. Positiv haldning, god innsats og godt treningsframmøte er kriteriar for å bli nominert, noko Ottar frå G14-laget oppfylte.

Tidlegare har desse blitt trekt ut som vinnarar: Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Tryggestad Forbord, Linn Helene Brekke, Markus Tryggestad Forbord, Henning Frøysa, Ingeborg Langeland og Håkon Elias Kjellstad og Stian Frøysa.

I femten år blir vandrepokalen delt ut til ein spelar frå yngres fotball. Det sekstande året skal den overrekkast til odel og eige etter loddtrekning mellom dei femten vinnarane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380