Lokalsport

Ute etter innleiande kampar

Sunnylven G14. (Arkivfoto: Åse Støverstein Ringdal)
Sunnylven G14. (Arkivfoto: Åse Støverstein Ringdal)

Sunnylven sitt G-14 lag deltok i Futsal-KM i Borgundhallen nyleg. Det vart tap i alle tre innleiande kampar og dermed var laget ute av turneringa.


Sunnylven G-14 kom i ei sterk gruppe saman med Blindheim, FK Sykkylven og Langevåg. Spelarane kjempa tappert og viste mykje bra fotball, spesielt mot FK Sykkylven, men det vart klare tap i alle kampane. Asmund Nybø Vik skåra laget sitt einaste mål i turneringa.

Deltakinga i Futsal-KM vart kombinert med sesongavslutning for G-14 laget. Før heimreisa var alle samla på Peppes Pizza, eit besøk som smaka betre enn tapte fotballkampar.
Her var også trenarane Eivind Louis Helset og Helge Tryggestad, og oppmann Geir Frøysa til stades saman med fleire foreldre, totalt 20 – 25 personar.

No tek Sunnylven G-14 ein velfortent pause frå fotballen til ut i januar. Då blir det treningar i gymsalen ved skulen, i tillegg til skirenn for fleire av spelarane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380