Vinterparkering i Hyttehola

Sunnylven IL har i forståing med grunneigarar og Stranda kommune vedteke å innføre parkeringsavgift for bilar ved skianlegget i Hyttehola. Her er informasjon som idrottslaget har sendt ut.


– Avgifta vert kr. 400.- pr. familie i vinterhalvåret og kort vert å få kjøpt i Sparebanken Møre, Hellesylt.
Kortet må leggast godt synleg i bilen ved parkering.

For dag/kveld-parkering vert avgifta kr. 40.- pr. bil. Det blir montert opp eiga kasse på parkeringsplassen i Hyttehola for betaling av slik avgift.
Kortet må leggast godt synleg i bilen ved parkering.

Inntektene går inn på eigen konto som hovedstyre i Sunnylven IL disponerer og skal bruke til å dekke driftsutgifter / reparasjonar på scooter og trakkemaskin.

Vi jobbar for å oppretthalde / forbetre dei gode løypene som vi har i og kring skianlegget, slik at løparar / mosjonistar ikkje må køyre til andre skianlegg for å gå på ski.
Dei andre skianlegga rundt oss har også innført parkeringsavgift for å betale kostnader med oppkøyring av løyper -, skriv Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380