Lokalnytt

Adventsstund på Sunnylven omsorgssenter

 

Tradisjonen tru inviterte Sunnylven sanitetslag til adventsstund på omsorgssenteret sist laurdag. Rundt 40 av bebuarane var til stades i ei pynta daglegstove.

Det var tida for gode tradisjonar no, sa Kari Hauso Stadheim då ho ønska alle vel møtt på vegne av sanitetslaget.
-Vi treng ikkje endre noko, men i staden for å haste i veg og tru at det neste er betre, ta heller vare på tradisjonane med dei gode stundene -, sa ho og håpa at adventsstunda ville vere ei god stund for alle.
Til underhaldning spela Sunnylven skulekorps kjende julesongar, og det var allsong.

I eit førjulsgilde høyrer også med god servering, noko sanitetsdamene også hadde ordna.
På borda kom det både kaffi, smørbrød og kremkake.

Sunnylven sanitetslag hadde med gåve til omsorgssenteret. Fire gåvebeløp vart overrekt leiinga, ei gåve til kvar av dei tre etasjane og ei til arbeidsstova. Det var pengar dei tilsette skulle disponere fritt til glede for bebuarane på Sunnylven omsorgssenter.

På vegne av alle ved omsorgsheimen takka Petter Ringdal sanitetslaget for gåver, god servering og hyggjeleg samling.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380