
Sunnylven bibliotek inviterer til spandane og smakfulle besøk tre tysdagar fram til jul. Det blir sal av kaffi, saft og kaker, og i tillegg utlodding til støtte for biblioteket.
Tidlegare i haust vart det skipa ei støtteforening for i drive Sunnylven bibliotek. Dei årlege kostnadane med drifta er forventa å ligge på 22.000.- kroner.
Besøket ved biblioteket har etter opning i Sunnylven kyrkjelydshus vore bra, men støtteforeninga håper enno fleire kjem innom og låner bøker.
Opningstider er tysdag kl. 16.30 til 18.30, og torsdag kl. 09.00 til 11.00.
For å auke interessa for biblioteket og i tillegg skaffe inntekter blir det sal av kaffi, saft og heimelaga kaker tysdag fram til jul i opningstida frå 16.30 til 18.30, den 4. desember, 11. desember og 18. desember.
I tillegg blir det også utlodding til støtte for biblioteket.
Ta med ein eller fleire vener og legg turen innom Sunnylven bibliotek.