Lokalnytt

Godt besøkt julemesse

Bente Bonsaksen med "varme" varer av gamalnorsk spelsauskinn.
Bente Bonsaksen med «varme» varer av gamalnorsk spelsauskinn.

Laurdag vart den 5. julemessa på Hellesylt arrangert. Mykje folk besøkte messehall i Sunnylven samfunnshus der 13. utbydarar deltok med eit variert utval varer.

På messa var mellom anna vakre blomsterdekorasjonar, kunstbilete, heimebakst og hekla produkt, kjøtvarer og fiskeprodukt, poteter, kålrot og julenek.
Handelen gjekk livleg og fleire var utselde av enkelte varer etter kort tid.

På Ljøen har Bente Bonsaksen sin hobby i å tilberede seteunderlag og andre artiklar av gamalnorsk spelsauskinn. På eiga nettside, ovreljoen.com kan ein sjå nokre av produkta som ho baud fram på salsmessa.

God julemat
-Sunnylvigar har sansen for den gode smaken, var kommentaren frå Kjell Roset i bedrifta Gardskjøkkenet. Dei røykte vakuumpakka aureprodukta han og hjelpar Iwona Uchal hadde med gjekk unna. Og på Hellesylt var det både rimeleg standleige og artig å vere på messe tykte dei to.

Også standen til Hole Kjøtt frå Ålesund vart besøkt av mange. Spesielt var bedrifta sine spekepølser ettertrakta vare.

Sunnylven Bygdekvinnelag hadde sal av kaffi og kaker. I tillegg gjekk det unna 50 liter risgraut, pynta med sukker, kanel, rosiner og litt godt smør..

Julemessa på Hellesylt var på nytt ein suksess for arrangørane Sunnylven Bygdekvinnelag, Sunnylven skulekorps og Hellesylt Næringslag.

Laurdag 1. desember vart julegata i Hellesylt tent. Det same vart juletreet på Svarthammaren, den nye ”julegleda” av året i nærleiken av Hellesylt sentrum.

Per Ingebrigt Karbø selde Keers Pink poterer og Bangholm kålrot
Per Ingebrigt Karbø selde Keers Pink poterer og Bangholm kålrot
Nils Inge Frøysa t.v. og Per Ottar Alme frå Lions Club Hellesylt selde julenek.
Nils Inge Frøysa t.v. og Per Ottar Alme frå Lions Club Hellesylt selde julenek.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380