Grautfest i Hellesylt Bygdetun

Måndag 10. desember blir det grautfest med nissane på låven i Bygdetunet. (Arkivfoto)

Måndag 10. desember blir det grautfest med nissane på låven i Bygdetunet. (Arkivfoto)

Måndag 10. desember kan alle sløyfe middagslaging heime. Då byr fjøsnissane i Hellesylt Bygdetun på risengrynsgraut og gløgg på låven i museumsgarden.


Fjøsnissane brukar sine største gryter når dei inviterer til førjulsgilde på risengrynsgraut i Hellesylt Bygdetun. Der er det god plass på låven så vertane håper mange kjem.
Ein stor porsjon graut kostar berre 20.- kroner og nissane sin gode julegløgg 5.- kroner.

Ta på godt med klede og et graut i Bygdetunet måndag 10. desember frå kl. 16.30 i lag med fjøsnissane.
Parker bilen ved brannstasjonen og gå råsa frå Ringdalsvegen ned til Bygdetunet, om ikkje julesnøen har lava ned.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380