Grautfest på låven i Hellesylt Bygdetun

Etter eit herleg måltid kunne nissemor, nissefar og alle dei andre gjestane slappe godt av i høystålet i låven. (Foto: Marit Ljøen)

Etter eit herleg måltid kunne nissemor, nissefar og alle dei andre gjestane slappe godt av i høystålet i låven. (Foto: Marit Ljøen)

Nyleg inviterte fjøsnissane i Hellesylt Bygdetun til grautfest på låven. Mange kom, men der var graut og plass til langt fleire. Og risengrynsgrauten til nissemor var kjempegod.


Grautfesten var litt ut i kveldinga så det var litt skummelt å gå råsa gjennom skogen i mørkret. Men når vi nerma oss lyste faklar opp og viste vegen fram til den 200 år gamle låven i Bygdetunet.

Nissemor hadde pynta så fint på låven med både juletre og julestjerne, og elles hatt det travelt med å koke graut. Gjestane som kom vart trakterte med varm julegløgg av den trivelege nissemora.

Snart dukka også nissefar opp, noko nissemor vart svært glad for. Ho kunne fortelje at grauten ho hadde koka på heile dagen var borte vekk. Nissefar måtte vere med å leite og det same gjorde fleire av dei unge gjestane. Etter mykje leiting høgt og lavt både inne og ute vart grautgryta funnen i høystålet, godt innpakka i ei stor dyne.
Så kunne alle kose seg med nissegraut med smørauge, sukker og kanel, og saft eller varm julegløgg.

Nissefar og nissemor fekk selskap av ei lita nissejente, og leia an i fleire songar, mellom anna «På låven sitter nissen» og «Så går vi rundt om en enebærbusk». Det vart hopp og sprett både i høystålet og elles, og det var kjempekjekt!

I alt 24 personar kom for å smake på nissemor sin fantastiske graut. Det vart ei kjekk og stemningsfull oppleving. Kanskje blir det grautfest på låven også neste år, og då håper nissemor at det blir enno fleire til bords på låven i Hellesylt Bygdetun.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380