Ikkje dommedag, men solsnu
Det vart ingen ”dommedag” 21. desember 2012. Derimot ”snudde” sola og det går mot ljosare og varmare dagar igjen på den nordlege halvkule.
Fredag 21. desember var det vintersolkverv, eller vintersolsnu som dagen også blir kalla. Klokka 12.12 hadde jorda størst helling vekk frå sola og stod på det lavaste på den nordlege halvkule.
Det skjer på 21. desember eller 22. desember kvart år, men klokkeslettet kan varierer. Dagen er den kortaste i året.