Julekalendar med Karl Kristian og Oddvar

Frå venstre Oddvar Torsheim, Gro Ravnestad og Karl Kristian Langeland. (Foto: Stig Indrebø)

Frå venstre Oddvar Torsheim, Gro Ravnestad og Karl Kristian Langeland. (Foto: Stig Indrebø)

Øvsthaugen i Sunnylven var arena då NRK-journalist Karl Kristian Langeland og kunstnar Oddvar Torsheim laga julekalendar for NRK Sogn og Fjordane. For sjåarane vart det 24 episoder å more seg med.


Karl Kristian Langeland frå Hellesylt har jobba ved distriktskontoret til NRK Sogn og Fjordane i to år.
I fjor var han på eit besøk hos kunstnaren Oddvar Torsheim i Førde og då var det at ideen om å lage ein julekalendar dukka opp.
Ideen vart realitet og heime hos Torsheim spela dei inn 24 små historier i løpet av få dagar.

Innspeling over to dagar
Det slo så godt an at det måtte bli nye til desember også i år, fortel Karl Kristian Langeland.
Dei to fekk to dagar til å lage årets ”julekalendar” og innspelinga skulle finne stad på heimegarden til Karl Kristian på Øvsthaugen i Sunnylven.
Med på innspelinga var også Gro Ravnestad, og ide og innhald i episodane komponerte dei etter kvart sjølve.

Veren vart filmkjendis
-Det er sjølvsagt enkelt laga, vi hadde ikkje tid til å førebu så myje, men fekk litt hjelp av foreldra mine. Filminga foregjekk både inne og ute, og i sauefjøsen fekk veren ei ”stjernerolle” i ei av episodane. Han steig nok i pris mykje etter dette, og kåringa er alt gjort, seier Langeland som berre viser til filmepisoda.

Ein vinnar kvar dag
Det er mykje showing og greinalaust prat når Karl Kristian og Oddvar utforskar og samtalar om ting og tang. Alle filmsnuttane ender likevel opp seriøst med spørsmål som sjåarane av NRK Sogn og Fjordane kan sende inn løysing på og vinne premiar.
Kvar dag kjem det inn fleire hundre svar, også frå Hellesylt, fortel Karl Kristian som synest det er kjekt at folk ser på TV-sendingane frå NRK Sogn og Fjordane.
Og kvar dag blir det trekt ut ein vinnar som får eit NRK-krus med godteri i. Til slutt blir det trekt ein mellom alle vinnarane som får ein Dab-radio.

Sjå episodane av julekalendaren med Karl Kristian, Oddvar og Gro her:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8395070

Karl Kristian Langeland t.v. og Oddvar Torsheim i sauefjøsen på Øvsthaugen (Foto: Stig Indrebø)

Karl Kristian Langeland t.v. og Oddvar Torsheim i sauefjøsen på Øvsthaugen (Foto: Stig Indrebø)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380