Lokalnytt

Julemoro på Peer Gynt Galleriet

Inge Mathias og Torstein Tvinnereim.
Inge Mathias og Torstein Tvinnereim.

Fjerde juledag blir det show og masse julemoro på Peer Gynt Galleriet. Då kjem to av fromtfigurane frå suksessforestillingar i ”Sommerglade Stryn”, Inge Mathias og Torstein Tvinnereim med mykje ny og spenstig humor til Hellesylt.

Det lukkast ikkje for Hellesylt Ungdomslag å fylle opp rollelista for ei ny komedie med HUL-teatret i år. Arrangementet på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag vart dermed avlyst.

Humørspreiarar frå sør
No ser det likevel ut til at alle som vil oppleve moro og trimme magemusklar med ein god latter i jula, får sjanse til det. For humørspreiarane frå Stryn, Inge Mathias Tvinnereim og Torstein Tvinnereim er hyra inn og blir ei verkeleg god erstatning for HUL-teatret.
Saman med ein musikar kjem dei to denne gongen til Hellesylt med mykje sjølvlaga stoff, ofte med lokalt tilsnitt og oftast med poeng som har fått humøret på topp hos alle som opplever forestillingane deira.
Mange har ”ramla” i latterkrampe med dei to i revysuksessar i ”Sommerglade Stryn”, og nyleg hausta dei gode kritikkar med kafe-revy i Stryn. No er det publikum på Hellesylt sin tur.

Også for danseglade
Arrangøren på Peer Gynt Galleriet fekk akkurat den underhaldning dei var ute etter, ei ca. 50 minutt lang stand-up forestilling, seier dagleg leiar Randi Sæter.
Ho håper publikum sluttar opp om arrangementet fjerde juledag der det sjølvsagt også blir høve til ein svingom. Musikken syter Odd Kåre Fløtre for, enterteineren som skapte stor stemning under eit julebordarrangement på Peer Gynt Galleriet tidlegare i haust.

Billettsal
Det blir førehandssal av billettar til forestilling og dans på to butikkar på Hellesylt, Joker og Coop Marked og billettpris er kr. 300.- For berre dans kan billett kjøpast i døra til kr. 150.-
Dørene i Peer Gynt Galleriet opnar kring kl. 19.00 fjerde juledag og showet startar klokka 20.30.
Arrangementet har aldersgrense 18 år.

Arkivbilde frå "Sommerglade Stryn" 2010.
Arkivbilde frå «Sommerglade Stryn» 2010.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380