Lokalnytt

Lysmesse i Sunnylven kyrkje

Mange deltok i lysmessa i Sunnylven kyrkje.
Mange deltok i lysmessa i Sunnylven kyrkje.

Første søndag i advent vart ei høgtidsstund i Sunnylven kyrkje med levande ljos og vakker song og musikk. Eit verdig puktum på ein aktiv dag for mange på Hellesylt.


Denne gongen vart samlinga og lysmessa i Sunnylven kyrkje ei oppleving mange sette pris på. Sokneprest Lars Einar Flø heldt preika, resten av det gode innhaldet sytte ungdom for.

Etter inngang i prosesjon inntok ungdomskoret Joyful koren. Kledde i kvite kapper vart det ei herleg songstund med dei unge aktørane som talde 20 songarar.
Fleire stod fram som solistar i eit repertoaret utan dei mest kjende julesongane, men likevel tydeleg inspirert av tida vi går i møte.

Joyful har gleda mange gonger tidlegare og framføringa under lysmessa vart på ny ei oppleving mange tok med heim. Det var gla`song, smittande, kraftfull, men også varleg og fleirstemt i fleire av songane.
Songen til koret er på eit nivå som burde bli bevart for ettertida, gjerne på CD.

På orgelkrakken i Sunnylven kyrkje har etter kvart 15 år gamle Lars Kvam Karbø fått sin faste plass. Eit sjeldan talent som har gått sin læringsgang i Stranda kulturskule under lærar Gunnar Inge Eide. Sunnylven kyrkje har eit nytt og godt orgel, montert og teke i bruk i 1984. Lars Kvam Karbø blir ein meister om han vil, for både under lysmessa og ved fleire høve tidlegare har han presentert instrumentet med 12 stemmer, to manualar og pedal på ein framifrå måte.

Også dei sju konfirmantane deltok under lysmessa med tekstlesing og tenning av den sjuarma lysestaken.

Ungdomskoret Joyful imponerte stort nok ein gong.
Ungdomskoret Joyful imponerte stort nok ein gong.
Lars Kvam Karbø, berre 15 år, men svært dyktig som organist i Sunnylven kyrkje. (Arkivfoto)
Lars Kvam Karbø, berre 15 år, men svært dyktig som organist i Sunnylven kyrkje. (Arkivfoto)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380