”Nissekorpset”spelar på Hellesylt.

Nissespeling i Coop Marked i 2010.

Nissespeling i Coop Marked i 2010.

Fredag 14. desember blir det julestemning i og ved to av butikkane på Hellesylt. Dit kjem Sunnylven skulekorps og held minikonsert med juletonar på repertoaret.


At medlemane i skulekorpset leitar fram nissekleda og spelar opp ved butikkane på Hellesylt før jul har blitt ein årviss tradisjon.
Møt opp og høyr korpset spele julesongar både inne og ute, ved Joker ca. kl. 16.00, og ved Coop Marked ca. kl. 16.45.

Fredag blir det også sal av restlodd frå juletombolaen. Vinnarar har fritt val mellom gevinstane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380