20. juli 2026

Restaurant Øcal pussar opp

Pizza frå Øcal er populært. Ramazan Øcal til høgre, her saman med Steinar Hjelle under eit arrangement til fotballgruppa.
Pizza frå Øcal er populært. Ramazan Øcal til høgre, her saman med Steinar Hjelle under eit arrangement til fotballgruppa.

Frå 1. januar blir Øcal Pizzabar og restaurant på Hellesylt stengt i fem veker. Lokala skal pussast opp til ein ny sesong.


Det blir nye fargar og nye møblar i restauranten, fortel Ramazan Øcal. Difor blir dørene stengte i om lag fem veker etter nyttår.

Øcal`s sine mange pizzavariantar er populære mellom yngre og eldre kundar, men under oppussinga blir det ingen pizza å få kjøpt, heller ikkje levert heim.
Det er lokala inne som skal nyast opp igjen, uteområdet blir som tidlegare.

Nyttårsaftan 31. desember er siste opningsdag ved Øcal`s på fem veker. Ut over kvelden og natta underheld trubaduren ”Elisabet”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →