Lokalsport

Skiskyttarar førebur seg til sesongen

Det er framleis god rekruttering til skiskyttarmiljøet i Sunnylven IL.
Det er framleis god rekruttering til skiskyttarmiljøet i Sunnylven IL.

Skiskyttargruppa i Sunnylven IL førebur seg til sesongen, men ventar på snøen. Nyleg var Rune Aaland frå Stryn vidaregåande skule innom miljøet og gav gode råd til unge talent.

Foto: Magne Brekke

Det er lite snø i skianlegget i Hyttehola, men interessa for skiskyting er framleis god i Sunnylven IL. Rundt 20. gutar og jenter deltok på samlinga då Rune Aaland frå skiskyttarlina ved Stryn vidaregåande skule gav gode råd i sporten. Aaland er trenar for mellom anna tre gode skiskyttarar frå Sunnylven som er elevar ved skulen i Stryn, Trygve Aaland Tryggestad, Helge Kvam Karbø og Inga Nybø Vik.

Samlinga var positiv og alle gler seg til at snøen kjem og konkurransane startar, blir oss fortalt.
Laurdag 12. og søndag 13. januar er fyrste test på forma. Då er det Bendit Cup på Ullsheim i Markane.

Rune Aaland til høgre gav gode råd til dei unge skiskyttarane.
Rune Aaland til høgre gav gode råd til dei unge skiskyttarane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380