Skulekorpset laga julestemning
Vel ei veke før julaftan dukka Sunnylven skulekorps opp med kjende og kjære juletonar ved to butikkar på Hellesylt. Det vart julestemning for alle som kom for å høyre på.
Det er tradisjon at skulekorpset i bygda spelar ved Joker og Coop Marked før jul. Med klede inspirert av julenissen blir det alltid ei triveleg ramme kring desse minikonsertane.
Slik også i år sjølv om kuldegradene beit godt både for musikantar og tilhøyrarar.
Men kven bryr seg så mykje om det når kjende juletonar som ”Eg er så glad kvar julekveld”,
”Glade jul” og ikkje minst ”Deilig er jorden” tonar ut i frå 21 dyktige musikantar under leiing av Trond Otto Berg. Flott at bygda har slike stemningsspreiarar, det set nok mange pris på.
Belønninga for minikonserten var mandarin, banan, julebrus og anna snacks til alle i korpset frå dei to butikkane, og deretter var det korpsleiinga som inviterte til julegraut med mandel i på Sunnylven skule.