LokalnyttLokalsport

Sunnylven årets jenteklubb i fotball

Sunnylven J-13.
Sunnylven J-13.

Under Sunnmøre fotballkrets sin fotballgalla fredag kveld vart Sunnylven kåra til årets jenteklubb. Prisen var diplom og sjekk på 10.000.- kroner.

Fotballeiar Steinar Hjelle og styremedlem Per Kjell Leite representerer Sunnylven under samlinga i Ålesund. Og det var ein nøgd fotballeiar som kunne melde om den gledelege kåring.

I klassa årets jenteklubb var Sunnylven nominert saman med Hødd og Hasundgot.
Sunnylven vann kåringa der juryen hadde lagt vekt på at klubben driv generelt godt innan jentefotball.
– Av ni påmelde lag var fem jentelag,
– Sunnylven hadde mange kvinner i styreleiing.
– Klubben hadde fleire som trenarar og lagleiarar.

Andre kåringar under fotballgallaen.
Årets breddeklubb vart Stordal
Årets fotballkommune; Giske
Fair Play- prisen: Emblem
Årets dommarklubb: Valder.

Laurdag er det kretsting i Sunnmøre fotballkrets. Der får Sunnylven tildelt statuett og diplom for KM-tittelen i fotball 6. divisjon herrer.

Per Kjell Leite til venstre tok mot utmerkinga på vegne av Sunnylven IL.
Per Kjell Leite til venstre tok mot utmerkinga på vegne av Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380