
Ved Myrebrua i Sunnylvsbygda står ein bautasteinen etter lærar og stortingsmann Ole Carl Frøsøie. No er namn og anna skrift uleseleg og bør nyast opp igjen.
Ole Carl Frøsøie var fødd i 1783 og ein svært evnerik mann. Han var bonde og 24 år gamal starta han å jobbe som lærar. Frå 1818 var han vald som vararepresentant til stortinget. I 1821 kom han inn som fast stortingsmann saman med futane Landmark og Bull som tredje representant frå fylket, kan ein lese i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger.
Ole Carl Frøsøie døydde i 1823, berre 40 år gamal.
I 1914 vart det reist ein minnebauta på garden til mannen som også var rekna som ein dugande og samvitsfull bonde for si tid.
Bautasteinen har innhogd namn, datoar og eit sitat der det står;
”Du var den trauste, trufaste karen,
i skulen, på tinget og heime på garden.”
Alt er no uleseleg grunna slitasje av ver og vind så her bør vel noko gjerast for å gjere skrifta synleg igjen.