Vann premie for pepperkakebygg
For femte år på rad inviterte leiinga i Sunnylven skulekorps til kreative konstruksjonar av pepperkakedeig. Det vart mykje spanande som var utstilt under juletombolaen på scena i samfunnshuset.
Heile 27 store og små konstruksjonar kom inn til konkurransen i år. Der var sjølvsagt mange hus, men også traktorar, gravemaskiner og ei djupvasskai, alt stilig dekorert i fleire fargar.
Leiinga i korpset hadde bestemt at tre bidrag skulle premierast etter loddtrekning.
Desse fekk kvar sin pose med gosaker i.
Elilie Brekke og Veronica Janssen
Adrian, Matias og Amalie Sporstøl Ravelo.
Sverre Martin, David og Kai Adam Røyrhus.