Deltok i Tour de ski China

Anniken Hjellbakk Hole.

Anniken Hjellbakk Hole.

Då Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL fekk tilbod om å delta i Tour de ski China takka ho ja. Sjansen til å få ei minnerik oppleve i Asia let ho ikkje gå frå seg.

 

Tour de ski China er eit nordisk/kinesisk samarbeid for å auke interessa for skiaktivitetar i landet.
Anniken her prioritert skule i Oslo meir enn langrennstrening den siste tida.
Men då Tour de ski China dukka opp før jul leita ho fram treningsutstyret og etter nokre intense økter vakna langrennsforma igjen. Ho gjorde seg klar for Kina-turen saman med tre andre norske jenter, Synnøve og Astrid Bruland og Solveig Tveter Bratlie.
I tillegg var det med to norske herreløparar, fortel ho.
Turen starta frå Gardermoen til København femte juledag og etter ti timar landa omlag 40 langrennsløparar frå Europa i Beidjing i Kina.
Både frå Finland og Sverige var det deltakarar, alle kjekke personar. Vi vart ein god og samansveisa gjeng, fortel Anniken.

Kalde tær og frostmerke
Tour de ski China består av sju renn over ulike distansar. Avstandane er store i landet så det vart lange reiser. Ofte var det ein dag med reise og neste dag var det ein eller to langrenn. Nokre fridagar vart det også og då fekk vi sjå og oppleve andre ting enn snø og konkurransar, fortel Anniken.

-Første rennet var eit langløp over 52.5 kilometer som blir kalla Vasaloppet China. Løpet gjekk i Changchun og der var det kaldt. Ingen hadde temperaturmålar, men det måtte vere minst 25 grader kalde blå. I tillegg var det vind, noko som ikkje gjorde det meir behageleg.
Men løpet skulle gå, det var berre å kle seg med fleire lag ull under langrennsdressen. Det vart likevel kaldt for tærne, og nokre raude frostmerke dukka opp både her og der i dagane etterpå, fortel Anniken.
Løpet gjekk bra, det vart ein sterk åttande plass mellom rundt tretti i kvinneklassa.

Best på lange løp.
Til renn i Mongolia måtte deltakarane reise med tog, fly og buss. Same dag etter framkomst vart det gått eit 2.5 kilometer langt renn med fellesstart. Her fekk Anniken ein ny, fin åttande plass. Det vart gått både klassisk og fristil, også sprintløp, men Anniken fekk sine beste plasseringar i dei lengste distansane. Samanlagt under Tour de ski China 2013 kom ho på åttande plass av kring tretti i dameklassa..

– Vi budde godt under opphaldet, men alle har det nok ikkje så bra som vi hadde det. Skilnaden på fattig og rik var synleg.
Også maten vi fekk var god og ikkje så forskjellig frå den vi har heime. Det gjekk mykje på grønnsaker, pasta, nuddlar, lam og kylling.

Trenar til ”Birken”
Anniken Hjellbakk Hole vart ikkje rik på pengepremiar under Tour de ski China, det vart ein deltakarpremie som minne, men ”minneboka” vart fylt opp.
-Litt kaldt var det, men også mykje fint ver og fine forhold for langrenn.
På bankettane var det underhaldning med dans, song og akrobatikk. Det er ein tur eg gjerne anbefalar også andre å ta, seier ho.

No er Anniken tilbake i Oslo med ein stor reisebag med klede som treng vask. Det vart lite tid til slikt i Kina, seier ho.
Og inn i mellom skulearbeidet blir det ein del trening framover, for ho har meldt seg på 54. kilometer lange Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer 16. mars. Det løpet har ho gått under merkekravet tre gonger tidlegare, i fjor til åttande plass i klasse 20-24 år. Sluttida 3.12.44 var 23. beste tid uansett kvinneklasse.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380