Lokalnytt

Elevar på glattisen

Hanna t.v., Maria og Mathilde hadde det artig på Helsetvatnet.
Hanna t.v., Maria og Mathilde hadde det artig på Helsetvatnet.

I mangel på snø er Helsetvatnet i Sunnylvsbygda myldreplass for born og vaksne i vinterkulda. Her ligg stålisen meir enn halvmeteren tjukk over heile vatnet.

På tysdag denne veka var elevar og lærarar frå småskulen og ungdomssteget ved Sunnylven skule på Helsetvatnet. Der var det flotte skøyteforhold og aktiviteten var upåklageleg i mange minusgrader.
Torsdag var det mellomsteget som var på plass og gjorde sine rundar. Etter nokre timar var det matøkt med elevprodusert pizza, steikt på plate over bålet.

Denne dagen kom også sola på eit kort besøk på Helsetvatnet for fyrste gong i år. Ho varma behageleg.
Seinare same dag skulle småskulen tilbake til skøytearenaen og gjere nye rundar på glattisen.

-

 

Her blir det laga pizza.
Her blir det laga pizza.
Og her blir pizzaen ferdigsteikt.
Og her blir pizzaen ferdigsteikt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380