Fleire gode idrettsprestasjonar

Anniken Hjellbakk Hole til venstre og Kari-Anne Tryggestad Ryste under Oslo maraton i fjor vår. (Foto: Privat)

Anniken Hjellbakk Hole til venstre og Kari-Anne Tryggestad Ryste under Oslo maraton i fjor vår. (Foto: Privat)

Fleire idrettsutøvarar med tilknyting til Sunnylven eller som framleis representerer Sunnylven IL har delteke på idrettsarrangement i jul –og nyttårshelga. Her er oversikt over prestasjonane til dei vi kjenner til.

Anniken Hjellbakk Hole, fremste kvinnelege langrennsutøvaren i Sunnylven IL dei siste sesongane deltok 2. januar i China maraton, eit 52.5 km. langt turløp.
Anniken vart best av tre norske delakarar med tida 3.43.58.
Dei to andre vart nr. 10. Solveig Tveten Bratli, 3.51.48.
Nr. 12. Astrid Bruland, 3.53.28.
Vinnar vart Xinxue Song, China, 3.12.10.
Sjå resultat http://www.langrenn.com/vasaloppet-china-2012.5146901-117466.html

I romjulsrennet på Skaret, Molde vann Trygve Aaland Tryggestad 10 km. fri teknikk kl. 18 år på 28.42.0

Ålesund maraton vart arrangert i romjula. Her deltok Kari-Anne Tryggestad Ryste som har sine slektsrøter frå Sunnylven. Kari-Anne fekk nest beste tid i kvinneklassa i halvmaraton, 1.39.25. Les meir frå Ålesund maraton på www.kondis.no

Hans Kristian Stadheim som representerer Lyn ski deltok i det 23 km. lange Romjulsrennet på Sjusjøen 6. juledag. Det vart 15. plass i klasse 26-30 år, 1.10.38.
Vinnar av rennet var Øystein Pettersen, Lillomarka skiklubb, 58.46.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380