God brannøving

Etter omlag to timar var det meste av våningshuset nedbrent.

Etter omlag to timar var det meste av våningshuset nedbrent.

Brannmannskap frå Hellesylt, Stranda og Sykkylven gjennomførte ei god og kontrollert brannøving på Stadheim i Sunnylven måndag kveld. Alt gjekk som planlagt kunne brannmeister Inge Teigen stadfeste.

Også brannmannskap frå Geiranger skulle vere med, men kunne ikkje reise Geirangerfjorden med båt grunna is.

Det var lagt opp til ei fullskala brannøving på Hellesylt . Øvingsobjektet var eit gamalt, saneringsklart våningshus på garden til Jørn Stadheim.
I alt 20 brannfolk deltok og mykje utstyr vart testa under den kontrollerte nedbrenninga.
Det var mange år sidan brannfolka hadde gjennomført ei nedbrenning av eit hus.

Brannmeister Inge Teigen tykte det var eit flott øvingsobjekt.
Steinhellene på taket var fjerna og huset var bygd av tømmer og kledd med umåla panel innvendig.
Under øvinga vart både gamal og nytt utstyr testa og røykdykkarar fekk ei god øving på loftet tidleg under brannen, fortalde han.

Alt gjekk etter planen, kunne Inge Teigen fortelje. Også den svake vinden kom frå rett kant, frå søraust. Frå motsatt retning hadde han ikkje tent på, då hadde driftsbygninga vore utsett, sa ein nøgd brannmeister som rekna med å kunne forlate Stadheim i 23-tida, seks timar etter at øvinga starta.

Jørn Stadheim har rive og fjerna ei gamal driftsbygning tidlegare. No skal terrenget der husa stod dyrkast og flettast saman med anna dyrkamark like ved.

Brannen starta på loftet der røykdykkarar fekk ei god øving.

Brannen starta på loftet der røykdykkarar fekk ei god øving.

Brannmeister i Stranda, Inge Teigen til venstre og sjef for brannkorpset på Hellesylt, John Ringdal var begge godt nøgde med brannøvinga.

Brannmeister i Stranda, Inge Teigen til venstre og sjef for brannkorpset på Hellesylt, John Ringdal var begge godt nøgde med brannøvinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380