Jens Arve Forbord held fram

Jens Arve Forbord til venstre held fram som trenar for Sunnylven sitt herrelag i 5. divisjon, med Gisle Aaland t.h. som hjelpetrenar.

Jens Arve Forbord til venstre held fram som trenar for Sunnylven sitt herrelag i 5. divisjon, med Gisle Aaland t.h. som hjelpetrenar.

Jens Arve Forbord trena Sunnylven sitt herrelag til KM-tittel i 6. divisjon og opprykk i 2012. Forbord har no sagt ja til ein ny sesong som trenar for 5. divisjonslaget.

Sunnylven Fotball har re-engasjert Jens-Arve Forbord som trenar for Sunnylven sitt herrelag i 5.divisjon, melder fotballgruppa.
Forbord var trenar for laget også i 2012 og var både fotballstyret og spelarane sitt førstevalg for sesongen 2013.

Samtidig er det klart at Leif Rune Tryggestad og Eivind Louis Helset blir oppmenn for laget og Gisle Aaland vil hjelpe Jens-Arve Forbord på trenarsida ved behov.
Sunnylven Fotball er veldig fornøgd med den løysinga og håper at laget vil gjere ein bra sesong som nyopprykka i 5.divisjon Sunnmøre, skriv leiinga i Sunnylven Fotball

Når det gjeld spelarar til laget har Sunnylven om lag same spelarstall som i fjor. Hans Kristian Hjellbakk Hole og Asbjørn Kvam Karbø er i militære i Garden, men det er håp om at begge kan rekke å spele ein del kampar for laget.
Vidar Even Leite har signalisert at han legg fotballskoa på hylla, og Bård Forbord er usikker grunna ein skade.
Når det gjeld nye spelarar er fleire aktuelle, men ingen avklaring enno. Men a-stallen vil få tilgang frå opprykk frå eigne rekker.
I mål satsar Daniel Berbecki for fullt igjen og blir ei god sisteskanse for Sunnylven i 5. divisjon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380