Juletrefest med nissebesøk.

Julenissen med sin store gåvesekk var eit populært besøk.

Julenissen med sin store gåvesekk var eit populært besøk.

På 19. dag jul inviterte foreldreutvalet ved Sunnylven Barnehage til juletrefest. Det vart kjekke timar både for unge og eldre på Sunnylven samfunnshus.

Alle hadde høyrt det og var svært spente. Det var venta nissebesøk og han skulle ha med ein stor sekk med gåver. Og ein time ut i juletrefesten kom nissen med sitt lange, kvite skjegg og i si raude drakt.
Nissebesøket var kjempekjekt såg det ut til, for han var både blid og snill og han hadde med ein stor sekk på ryggen. Det viste seg at han hadde med masse godteposar og alle fekk. Det vart ein populær nisse som både måtte stille til fotografering og ta ein liten dans med unge beundrarar.

Årviss juletrefest
Juletrefesten var ein spleisefest, fortalde Ole Arnstein Ringdal, leiar av foreldreutvalget i barnehagen. Ikkje alle kakeboksane rundt om i heimane var tome enno så foreldre hadde med julebakst og anna juleknask. Og i tillegg til kaffi og saft vart det servert pølse med brød.

Litt underhaldning var det også lagt opp til. Silje Stadheim hadde redigert og dramatisert ei lita forteljing saman med Maria, Hanna, Andrine og Anna om trolla på fjellet som besøkte Olle Bolle. To unge systre, Marie og Anna Kristine song – jeg har en tulle med øyne blå – , og det var allsong i – på låven sitter nissen – og – musevisa – der Kristin Storstein trakterte tangentinstrument og var førsongar.

Til slutt vart det gong kring juletreet med mykje gla`song og livfulle rytmer, og som fortalde at juletrefesten var på alle måtar vellukka.

Alle fekk godtepose av julenissen.

Alle fekk godtepose av julenissen.

Så var det tid for litt fotografering saman med nissen.

Så var det tid for litt fotografering saman med nissen.

Kristin Storstein trakterte tangentinstrumentet både i allsong og til song og gong kring treet.

Kristin Storstein trakterte tangentinstrumentet både i allsong og til song og gong kring treet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380