Klare til snørydding på Hellesylt stadion

Sunnylven Idrottslag har anskaffa seg spesialtraktor for snørydding på kunstgrasbana.

Sunnylven Idrottslag har anskaffa seg spesialtraktor for snørydding på kunstgrasbana.

Sunnylven Idrottslag har kjøpt spesialbygd traktor til snørydding på Hellesylt stadion. Traktoren har feste og uttak for både skjær og snøfresar.

Traktoren som Sunnylven Idrottslag har kjøpt er ein 2007 modell John Deere 3720 med knappe 50 hk. og spesialbygd for kunstgrasbaner. Traktoren er brukt, men ser flott ut.

Den har trinnlaus gearkasse med vendegear. Det er tinga både skjær og snøfresar, utstyr som kan koblast til både framme og bak.
Kjøpet er finansiert gjennom dugnads -og gåvemiddlar som idrettslaget har motteke, får vi opplyst.

Så lagt har det ikkje vore bruk for snørydding av kunstgrasbana på Hellesylt stadion. Bana ligg framleis grøn og speleklar sjøl om kalendaren viser midt i januar.
Komande fredag startar herrelaget opp med fotballtrening på Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380