Meir frå året 2012.
Sommaren vart ikkje så solrik som mange håpa, men heller ikkje av dei dårlege. Det var gode vekstforhold i jordbruket, mange turistar besøkte bygda og kunstgrasbana vart sett i stand igjen.
Juli.
Dei 25. Sommardagar på Hellesylt vart folkerike. Ordførar Jan Ove Tryggestad opna dagane og deretter var det tradisjonelt opplegg med underhaldning, konkurransar og kjøp og sal av mange slag.
World Base Race foregjekk frå Helsetkopen under glimrande verforhold.
Rolf Matvik og Magnus Espe drog opp to långe i fjorden på 20.0 kilo og 14.5 kilo.
Olav Elling Gausdal gav ut CD og underheldt på Peer Gynt Galleriet. Seinare fekk ”kulturstova” på Hellesylt besøk av Opera Nordfjord.
19. juli starta arbeidet med legging av nytt kunstgras på Hellesylt stadion. Bana var klar til haustkampane.
August.
Herøy turlag besteig 1380 meter høge Nokkenibba, og prestevikar Morgan Berg avløyste prestevikar Kari Hop Fjæreide. Sunnylven var utan fast prest i 2012.
September.
På Hellesylt stadion spela Sunnylven – Sæbø uavgjort 1-1. Damelaget vann 4-1 over Spjelkavik og 3-0 mot Langevåg.
Ferja ”Vestveg to” frakta 270 sauer heim frå sommarbeite i Oaldsbygda, men mange mangla.
Pensjonistar drog på tur gjennom Kviven til Sandsøy, og på stadion vann Sunnylven herrer 3-1 over Haddal.
Damelaget banka Bergsøy 3-0, og på Storstein plukka barnehageborn poteter.
Trimgruppa samla inn trimbøker frå dei høgaste postane, og Hellesylt cruisekai fekk god omtale av losar og cruisekapteinar.
Damelaget enda på sølvplass i 3. divisjon, etter Herd.
Sunnylven sanitetslag markerte sanitetens veke med stand på Hellesylt.
Stranda Røde Kors fekk ti friviljuge beredskapsvakter i Sunnylven, og herrelaget vann 6. divisjon.
Siste ferjetur med turistferja Bolsøy var 30. september.
Oktober.
Sunnylven bibliotek vart offisielt opna i nye lokale i Kyrkjelydshuset.
Det vart halde hausttakkefest i kyrkja og det nye dekket på Hellesylt stadion vart testa og held FIFA sin internasjonale standard.
Stranda Energi kablar høgspentlina i Nebbedalen og ordføraren deltok i sykkelstafett i høve TV-innsamlinga.
Laurdagskafeen til sanitetslaget vart godt besøkt og unge bønder kom inn i styret til Sunnylven Bondelag der Peder Hellebostad held fram som leiar.
I Storfjord Kulturhus samla musikalske krefter seg til støttekonsert. Fleire frå Sunnylven deltok.
18 medlemer i Fjellrosa 4-H stilte ut og fekk godkjent oppgåvene på haustfesten. Liv Tone Tryggestad får 4-H plaketten under fylkesårsmøtet i mars 2013.
Trimgruppa registrerte auke i besøkstala på trimpostane, pensjonistlaget heldt haustmøte og saudehaudfesten på Sunnylvsbygda grendahus samla over hundre personar.
Sunnylven herrer vann KM i 6. divisjon etter å ha slått Ravn 7-5 totalt i to kampar. Laget spelar i 5. divisjon i 2013.
November.
Fotballgruppa arrangerte Futsal-KM junior i Strandahallen.
Fotballfesten for herre -og damelaget vart halde på Peer Gynt Galleriet, og skulekorpset inviterte til flott haustkonsert.
Gamleskulen skal få nytt tak og unge fotballtalent fekk sine premiar. Ottar Frøysa Hellebostad vann Rasmus Matvik`s minnepokal.
Premiar vart delt ut for fjelltrimmen og årets supertrimmar vart Bjørn Hallgeir Rusten.
Det vert ikkje romjulsspel med HUL-teatret, men grunnskuleveka ved Sunnylven skule blei avvikla som vanleg.
Desember.
Julegrana på Hellesylt vart tent, det var julemesse, juletombola, lysmesse i kyrkja og julekonsert med mange gode song og musikkrefter frå bygda.
Ei roleg og fredfull jul vart feira på tradisjonet vis.