Lokalnytt

Ny fjellflyging frå Helsetkopen

Det blir luftige svev, men flott utsikt frå den 1246 meter høge Helsetkopen. (Foto: World Base Race.)
Det blir luftige svev, men flott utsikt frå den 1246 meter høge Helsetkopen. (Foto: World Base Race.)

Også til sommaren blir det fjellflyging frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Mange utøvarar av ekstremsport er venta i dagane før og under Sommardagar på Hellesylt.

Paul Fortun har teke seg eit ”kvileår” når det gjeld planlegging av ekstremsporten, seier han. Det er Ivar Brennhovd som blir koordinator i år, men han bli til stades når konkurransane skal gjennomførast, slår World Base race-generalen fast.

Trening og kvalifisering
Hellesylt World Base race startar torsdag 4. juli i år og varer fram til og med laurdag 6. juli, fortel Paul Fortun.
-I år blir hovedarrangementet lagt til Innfjorden, i Helsetkopen blir det trening, oppvisning og kvalifisering. Kanskje vil dei to stadane veksle på å ha finalen kvar sitt år, seier han.

I fjor gjekk finalen i Helsetkopen og Champion 2012 vart briten Tony Uragallo med Espen Fadnes, Molde og Geir Hjørnevik, Voss på ei neste plassane.

Ei naturperle
Området ved Helsetvatnet har eit stort potensiale for arrangement heile året. Denne vinteren har vatnet vore islagt med tjukk stålis, noko som har gjort det til ein myldreplass for mange på skeiser i alle aldrar.
I den grøne årstid har arrangementet World Base Race gjort området kjent mellom anna gjennom media. Og campen Hellstock med sine varierte tilbod like ved vatnet seglar opp som stadig meir populært mellom ungdom.
Men der er plass til meir og grunneigarane kan gjere mykje ut av området i turistsamanheng. Og med ei scene og gode artistar kunne Helsetvatnet bli ein møteplass, ei perle heile året.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380