Ny skøytefest på Helsetvatnet
Rundt 50 unge og eldre skøyteløparar av både jenter og gutar var på plass på Helsetvatnet laurdag. Framleis ligg stålisen tjukk og blank over heile vatnet.
Mellom dei mange på Helsetvatnet laurdag var prestevikar i Sunnylven og Geiranger, Morgan Berg og årets konfirmantar og andre medlemer i fredagsklubben på Hellesylt.
Alle frå 8. klasse og oppover var invitert til eit spesielt opplegg for dagen.
Planen var at dei skulle på Strandafjellet og stå på ski, men då forholda på Helsetvatnet var så gode valde dei å legge turen dit i staden, fortalde Berg. I tillegg til å gå på skøyter og spele ishockey skulle dei tenne bål og grille pølser og berre kose seg.
Har fått sommarjobb
Morgan Berg var prestevikar i Sunnylven og Geiranger i august i fjor og vart kjent med mange av dei unge då. No er han tilbake igjen for ein kortare vikarperiode, berre fram til 10. februar dessverre, seier han.
Han gler seg likevel over at han har fått sommarjobb i soknet frå kring midten av juni. Og når stillinga som sokneprest blir lyst ut kan han tenkje seg å søkje. Men framleis har han eit par år igjen av studiane i Oslo.
Om to veker er det ny fredagskafe, på kyrkjelydshuset eller på Helsetvatnet! Det vart mange timar på glattisen for dei ivrigaste laurdag.