Skiskyting og langrenn

Fire løparar frå Sunnylven IL deltok i skiskyting og langrenn søndag.
Det er dårleg med snø i Sunnylven så langt denne vinteren. Også deltaking i konkurransar er på eit lavmål, berre fire løparar deltok i renn sist søndag.
På Sjusjøen ved Lillehammer var det Norgescup i skiskyting. Her var Sunnylven IL representert med to løparar som begge gjorde det skarpt.
Trygve Aaland Tryggestad bekrefta at det går mot ein god sesong for 18-åringen. Også klubbkamerat Helge Kvam Karbø viste lovande takter både i løypa og på standplass.
8. Trygve Aaland Tryggestad 21.46.3 (0-1)
29. Helge Kvam Karbø 22.48.9 (0-3)
Under Ullsrennet med Markane IL som arrangør vart det klassesiger til Inger Ringdal Sæter i J 13 år på 3. km. fri, 10.49.5.
Emilie Brekke kom på 11. plass i J 14 år, 11.14.2.