Lokalnytt

Statist i ”Halvbroren”

Frå TV-serien "Halvbroren". Knut Dag Langeland lengst til høgre.
Frå TV-serien «Halvbroren». Knut Dag Langeland lengst til høgre.

Første episode av NRK sin TV-serien ”Halvbroren” vart vist søndag. Mellom skodespelarar og statistar under opptaka på Godøy var også sunnylvingen Knut Dag Langeland.

Det var ved ei tilfeldigheit at Knut Dag Langeland kom med i TV-serien ”Halvbroren”.
-Eg skulle køyre døtrene Ingeborg og Maria til Godøy, for dei skulle vere med på opptaka der hausten 2011. Då vi kom dit fekk vi vite at dei hadde rikeleg med born til opptaka, til stor skuffelse for jentene. Der i mot mangla dei mannlege aktørar i allmugen og eg fekk tilbodet. Slik vart eg med på opptaka til første episode, fortel Langeland.

Knut Dag har ikkje sett seg sjøl i serien då vi snakka med han på telefon. Den første episoda vart sendt søndag og i reprise seint måndag kveld. Her står Langeland og held dåpsfatet under ein barnedåp.

-Statistrolla var dårleg betalt og eg måtte ta fri frå jobben i to dagar så det vart nok tap på heile greia. Men det var ei oppleving å få vere med sjølv om det var kjølege forhold under innspelinga på Godøy hausten 2011. Verst var det nok for damene i tynne kjolar, men eit lite varmetelt hjelpte på mellom opptaka, fortel TV-kjendisen frå Hellesylt og Sunnylven.
Serien er på åtte episodar,

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380